Småskulekoret og Julie med ekstrakonsert: – Det er superstas at det blir to konsertar!

Laurdag har Julie Tungevåg Falkevik saman med bandet sitt, Du og jeg og vi 2-3-4 konsertar i Nordfjordhallen. Skavøypoll småskulekor skal synge saman med dei. Den første konserten blei utseld og ekstrakonsert er no sett opp. 

Skavøypoll småskulekor skal ha to konsertar saman med Julie Tungevåg Falkevik og bandet hennar Du og jeg og vi 2-3-4 laurdag.  Foto: Elise Silden

Kultur

– Det er superstas at det blir to konsertar! Koret har øvd så mykje og dei har vore så flinke å førebu seg. Då er det ekstra stas å gjere det to gongar, seier Julie Tungevåg Falkevik.