Inviterer til ellevill framsyning med musikalversjonen av Jorden rundt på 80 dager

Kari Standal Pavelich er veldig stolt over å ha norgespremiere når Opera Nordfjord set opp musikalversjonen av Jorden rundt på 80 dager.

Opera Nordfjord set opp musikalen Jorden rundt på 80 dager med både kjende og lokale songarar og artistar på scena. Dette er frå ei øving og fremst står f.v. Håkon Bøen, Paul Standal Pavelich, Håkon Bøen, Ann-Helen Moen og Simon Standal Pavelich.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Vi kan kalle det musikal, operette, musikkteater eller opera. Det er på ein måte ei samansmelting av alle desse forskjellige sjangrane, seier operasjef Kari Standal Pavelich, som inviterer til det ho seier er ei ellevill framsyning i Operahuset Nordfjord.