Opna operautstilling med Ien sine bilde

I dag opna både operavekene og den tradisjonelle operautstillinga, som vanleg laurdagen før årets opera har premiere på onsdag. Det er den lokale kustnaren Ien Klaver som er operautstillar i år.

Ordførar Alfred Bjørlo opna både operavekene og operautstillinga med Ien Klaver som utstillar laurdag. Onsdag er det premiere på musikalen Jorda rundt på 80 dagar.   Foto: privat

Kultur

– Endeleg! Ein god klem, eit lokale stappfullt av folk, vakker song og musikk, kunst frå golv til tak og eit festfyrverkeri av ein operamusikal, Jorda rundt på 80 dagar, rett rundt hjørnet i Operahuset Nordfjord. I dag opna Operafestvekene 2021 i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid – og Operautstillinga med vår eigen strålande biletkunstnar Ien Klaver, seier ordførar Alfred Bjørlo på eiga Facebook-side etter opninga i føremiddag.