Reisa rundt jorda begeistra publikum i operahuset

Norgespremieren på «Jorden rundt på 80 dager» vart godt motteken i operahuset på Nordfjordeid onsdag.

Jorda rundt på 80 dagar: Samla etter premieren i Operahuset Nordfjord, f.v. Tuva Nyhammer-Taklo, Runa Bergem, Martha Standal Pavelich, Sunniva Honningsvåg, Eline Jacobsen Lillestøl, Thea Bjørhovde Mavropoulos, koreograf Toni Herlofson, regissør Ronald Rørvik, operasjef ved Den norske opera & ballett, Randi Stene og operasjef Kari Standal Pavelich ved Opera Nordfjord.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Eg synest det gjekk veldig fint. Publikum viste at dei var veldig begeistra, seier operasjef Kari Standal Pavelich etter premieren på «Jorden rundt på 80 dager» onsdag.