Rosar Anne (77) for kostymeinnsatsen i over 20 år: – Ho har ei drivkraft som er heilt utruleg

Anne Regine Sønderland (77) som bur i Måløy, og som omtrent kvar dag pendlar til Nordfjordeid for å jobbe for Opera Nordfjord, får velfortent skryt frå ein annan kreativ person som elskar å skape kle.

Julia Kröner Venø og Anne Regine Sønderland har felles interesser, og Julia kallar Anne Regine for ein inspirasjon.  Foto: Privat

Kultur

Kunstnar Julia Kröner Venø la nemleg nyleg ut ein hyllest til måløyværingen på sosiale medium. Der hyller ho Sønderland og kallar henne totalt rock n' roll. Ho bøyer seg i støvet med tanke på innsatsen Sønderland har lagt ned i over 20 år.