18 elevar står på scena i bygda sitt første barnemusikkteater

I Svelgen satsar ein på å skape tradisjon for ein ny type kulturliv med barnemusikkteateret Smelt.

Første barnemusikkteater: I oktober vert barnemusikkteateret Smelt sett opp i Svelgen Samfunnshus. Bertine Vårdal er solist og her øver ho med sufflør Lene Marie Myklebust (t.h.). 

Kultur

– Det har aldri vore teater i Svelgen, og det har ikkje vore tilbod til barn med teaterinteresse. Vi ønsker å få til ein tradisjon for ein ny type kulturliv, seier Wenche Frimannslund i Svelgen nord og ned, som er med og set opp det første barnemusikkteateret i bygda.