Lokkar folk til å flytte heim med fest, foredrag og friske tonar

Arrangørane av Heim i haust er klare for det første fullverdige arrangementet etter koronapandemien. – Vi håpar folk er klare for å ha det frykteleg moro, seier Reinhardt Sørgård i Aktiv Raudeberg.

Ole Mathisen, Arve Horn og Reinhardt Sørgård i Aktiv Raudeberg er klare for å arrangere eit fullverdig Heim i haust-arrangement.  Foto: Seline Larsen

Kultur

Helga 21. til 23. oktober arrangerer Aktiv Raudeberg det femtande Heim i haust-arrangementet. På planen står det både skulearrangement, foredrag om tare og torskeoppdrett, kultur og oktoberfest.