Vokalkoret urframførte og imponerte komponisten

Komponisten som hadde laga ambisiøs og vanskeleg musikk til Silisium Vokal er imponert etter urframføringa.

Kom med ny musikk: På urframføring av ny musikk ved Silisium Vokal, f.v. komponist Dag Øyvind Rebnord, og frå Bremanger-gruppa Linn Karin Sande Igland, Elisabeth Solbakken, Linn Therese Belseth Heldal, Hilde Hauge, Annika Bremnes og Grete Berntzen.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Eg er utruleg imponert. Dei har jobba så utruleg seriøst med dette. Det er gøy når ein har skrive noko nytt som eigentleg er veldig ambisiøst og ganske vanskeleg. Du ser at dei berre gjev gass og kosar seg på scena, seier Dag Øyvind Rebnord.