Feirar 100 år med industri med ny kulturminneløype og meir til

Det var ordførar Anne Kristin Førde (Ap) som opna den nye kulturminneløype for Svelgen under jubileet som markerer at det er 100 år sidan dei første kilowattimane vart produserte i bygda

100 år sidan industriutviklinga i Svelgen tok til. Ordførar Anne Kristin Førde (fremst t.h.) opna den nye kulturløypa. Her ilag med f.v.Kari Kjelkenes, Esten Solberg, Reidun Øvrebotten, Per Olav Frøyen, Marit Øvrebotten Myrhol, Torunn Frimannslund, Dagfrid Nesbø Frøyen, Audhild Vistnes og Anne Karin Vårdal. Den nye kulturløypa startar ved dette huset i Øyratunet.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Ved SFE Produksjon tok André Vistnes imot alle som ville vere med på ei omvising i kraftverket. Gjestene vart tatt med i biltransport to-tre kilometer innover i fjellet for å kunne sjå fleire av kraftstasjonane.