Heim i haust er i full sving: Sjå bildedryss frå dagen

I 15 år har Reinhardt Sørgård og Arve Horn vore med på å arrangere Heim i haust på Raudeberg. - Det har blitt ein fin tradisjon med mange forskjellige aktivitetar, seier Sørgård.

Frå venstre Reinhardt Sørgård og Arve Horn er stolte av å vere med på å arrangere den årlege festen i heimbygda.  Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Kultur

– Det Heim i haust handlar om er at vi viser ungdommen at det er mange moglegheiter i området, og vi treng at ungdommen flyttar heim igjen, seier Sørgård.