Fargerik overnatting i historiske miljø

Den profilerte interiørdesignaren Gunvor Catherin Røkholt har utvikla interiøret i fleire av dei mest eksklusive historiske overnattingsstadene her i landet. Mellom anna har ho designa rom for Knutholmen og representasjonsbustaden Villa Elkem i Svelgen.

Gunvor Catherin Røkholt har dei siste åra designa interiøret hos nokre av dei mest eksklusive overnattingsstadene i landet. Å ta vare på kulturarven er viktig i arbeidet hennar.  Foto: Frå boka/Jarle Hvidsten

Kultur

– Historieforteljing er for meg ein knagg og ei ramme for interiørval i gamle bygg, særleg med tanke på kulturarven, seier den profilerte interiørdesignaren Gunvor Catherin Røkholt, som i over 40 år har jobba med interiør og innreiing i både gamle og nye bygg.