Tok familien med inn i fjellet for å oppleve industrihistoria

Tor Erik Nigardsøy kom saman med Berit Haveland og to barn til markeringa av 100 år med industrihistorie i Svelgen laurdag. Dei var mellom dei som ønskte å bli med inn i fjellet for kjenne på historia.

Kraftverket: Ved SFE Produksjon tok André Vistnes (f.v.) imot for omvising. Andreas Øksnes med David og Elias, Berit Haveland og Tor Erik Nigardsøy med Johan og Hanna, Sigmund Kvalvåg med Sander og Stefan (t.h.) og Martha og Einar Kjerpeseth.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Det er 100-årsjubileum og det er greitt å ta med familien på ei omvising. Eg har vore inne i jobbsamanheng, men familien har ikkje hatt anledning til å sjå dette før, seier Nigardsøy.