Få gode sminketips

For Lise er ikkje Halloween berre skjelett og flaggermus: – Alt er lov, bruk blomster om du vil

For Lise Larsen er ikkje Halloween berre mørke fargar eller oransje. Den er akkurat dei fargane ein sjølv ønsker, og det kan like gjerne handle om blomster som hovudskallar.

Lise Larsen har gode sminketips til deg for korleis lykkast med Halloween-sminke.  Foto: Privat

Kultur

– Då eg fekk auga opp for Halloween var det ikkje gjennom svarte fargar og dystre motiv, men det var ein fest for å minnest dei døde. Og det var ofte mange blomster i ulike fargar. Og det ser ein igjen av og til der skjelettansikt har blitt sminka med blomster.