Snart får du sjå den digitale fylkesfinalen i UKM

Dei første opptaka til den digitale UKM-festivalen blei gjort i sommar, og det starta i Operahuset på Nordfjordeid. 1. november får vi sjå finalen.

– Endeleg skal vi snart få sjå UKM Vestland som vart UKM TV etter opptak rundt om i fylket tidligare i år, seier primus motor for UKM i Stad kommune Maria Helgesen.  Foto: UKM

Kultur

– Endeleg skal vi snart få sjå UKM Vestland som vart UKM TV etter opptak rundt om i fylket tidligare i år, seier primus motor for UKM i Stad kommune Maria Helgesen.

Vestland fylkeskommune har samarbeidd med Bergen Live om videoproduksjon for sceneinnslag med deltakarane som blei sende vidare frå dei lokale UKM-arrangementa i kommunane. UKM står for Ung kultur møtest og er for barn og ungdom mellom 13 og 20 år. Her får dei vise seg frå innan til dømes musikk, scenekunst, kunst og lyrikk.


Den digitale UKM-fylkesfestivalen startar på ei lokal scene

Dei første opptaka til den digitale UKM-festivalen blir gjort i sommar. – Vi startar på Eid i Stad kommune og jobbar oss sørover, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.


På kvelden 1. november brakar det altså laus, og først ut er opptaka som blei gjort i operahuset på Nordfjordeid, fortel Maria.

Fjordenes Tidende vil enten linke til eller vise sendinga på fjt.no også.