Her blir det teaterkonsert, dans og standup neste veke

Med teaterkonsert Sundfør onsdag, danseframsyninga Jakob fredag og standupshow med Tore Sagen søndag har storstova på Nordfjordeid noko for kvar smak den komande veka.

- Riksteatret kjem til Nordfjordeid med «Teaterkonsert Sundfør» på onsdag. Susanne Sundfør sjølv står ikkje på scena, men den fantastiske musikken hennar blir framført.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Først ut er Riksteatret som kjem til Nordfjordeid med «Teaterkonsert Sundfør» på onsdag. Susanne Sundfør sjølv står ikkje på scena, men den fantastiske musikken hennar blir framført av nokre av dei beste musikalske skodespelarane i landet: Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Marit Adeleide Andreassen, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Trond Peter Stamsø Munch og Elisabeth Mørland Nesset, seier Helga Didrikke Sundal, arrangementsansvarleg ved Operahuset Nordfjord.