Kjem for å signere i Måløy

Korona gjorde at Ivar enda opp med å skrive bok med 400 historier om nordfjordingar

Denne veka gir Selja forlag ut ei ny bok «Feil manglar vi alle. Glupt og gladlynt frå Nordfjord». – Det er ei bok med fleire hundre gode historier frå Nordfjord, godt humør, og slagferdige replikkar, seier forleggar Torkjell Djupedal.
Kultur

– Denne boka har vi god tru på. Forfattar er Ivar Andenæs, som har hatt mange kjelder, også frå Måløy. Ivar har vore journalist i Fjordenes Tidende ein gong for mange år sidan, og har gode minne og mange vener i Måløy, fortel forleggaren.