Sjå kulturskuleelevane sin versjon av «Skrik» og andre kjende verk

Onsdag opna Kinn kulturskule ei ny utstilling på biblioteket i Måløy med måleri, teikningar og skulpturar laga av elevar ved skulen. Fleire av elevane hadde blitt inspirert av kjende norske kunstnarar.

Lærar Gerd Endestad fortalde elevane at Edvard Munch hadde late seg inspirere av ei sterk naturoppleving med ein raudfarga himmel då han malte det originale «Skrik». Kulturskuleelev Amandus Barmen følgde interessert med.  Foto: Gjert Myrestrand

Kultur

Dei er verk frå dei visuelle kunstgruppene i Måløy-avdelinga til Kinn kulturskule som frå onsdag ettermiddag er å finne i ei ny utstilling på biblioteket i Måløy.