Byr på strålande jul i kyrkja med kammerkoret og musikklaget

Førjulstida blir ikkje som den skal utan ein tradisjonell julekonsert i kyrkja. Desember har såvidt begynt då Bremanger kammerkor og Bremanger musikklag inviterer til kyrkjekonsert for å få folk i julestemning.

Bremanger kammerkor og Bremanger musikklag skaper julestemning den første laurdagen i desember. Bildet er frå då Bremanger kammerkor var på kortur til Gdansk.   Foto: Privat

Kultur

Konserten har fått namnet Jul, jul, strålande jul og vil innehalde kjente julesongar som Det lyser i stille grender, O helga natt og Det kimer nå til julefest.