Lanserer det tradisjonsrike magasinet saman med nisseutstilling og fargerik julepynt

Torsdag 25. november blir ein dag full av aktivitetar på Nordfjord Folkemuseum under lanseringa av tidsskriftet Jul i Nordfjord.

25. november blir det både lansering av Jul i Nordfjord, opning av juleutstilling og opning av julebutikk der ein kan kjøpe rekonstruert julepynt.  Foto: Nordfjord Folkemuseum

Kultur

Denne dagen vil museet opne for sal av tidsskriftet, gje publikum føredrag frå eit utval av forfattarane, opne årets juleutstilling òg opne årets julebutikk med sal av tradisjonell julepynt. Det blir òg open kafé og moglegheit for å sjå utstillinga Fritid på torsdag.