Mange ville høyre om kvardagslivet under krigen

Det var fullt hus i Parken kulturhus på Raudeberg då arrangementet «Kvardagslivet under krigen» gjekk av stabelen i helga.

Fullt hus: Det var ikkje mange ledige stolar i Parken kulturhus laurdag kveld. Arrangementet «Kvardagslivet under krigen» engasjerte tilhøyrarane.  Foto: Gjert Myrestrand

Kultur

Arrangementet stod eigentleg på programmet for eitt år sidan, men måtte skyvast ut i tid grunna koronaen. Etter alt arbeidet som er lagt ned i å sette saman programmet for kvelden, var det ei stor glede for arrangementskomiteen å ønske velkommen.