Publikum vil nok like at akkurat denne artisten kjem til festivalen

Strandfestivalen har signert Ruben og veit at det betyr ein konsert som vil skape mykje liv blant publikum. – Dette blir fantastisk! Ruben er energisk på scena, sier Kent Rune Bugjerde i styret i Strandfestivalen.

Ruben kjem til Strandfestivalen og skal halde konsert laurdagen.  Foto: Håvard Schei

Kultur

Den norske artisten Ruben er kjent for si sterke og kraftfulle stemme. Han har sidan han starta karriera si som låtskrivar og songar hatt fleire hits og vunne mange prisar. Mange nordmenn har lytta mykje til songane «Walls» og «Lay By Me», og ikkje minst songen «Candy».

Stor på scena

Han har blant anna vunne Musikkforleggerprisen 2019 i klassa for årets gjennombrot innan populærmusikk, Spelemannsprisen 2019 for Lay By Me som blei årets låt.

Ruben er i tillegg kjent for å lage liv på scena, og for å vere ein svært dyktig liveartist. Han var ein av artistane på Malakoff i fjor og skapte mykje liv og røre. No kjem han altså til Refvik og Strandfestivalen for å skape høg stemning.

– Ruben er ein utruleg dyktig artist som appellerer både til dei unge i publikum, men også til dei andre. Han er kjempedyktig på scena og skaper mykje liv, seier Kent Rune Bugjerde i styret i Strandfestivalen.

– Bygda er klar

Strandfestivalen har nyleg avslørt at Madcon spelar fredagskvelden. Og ifølgje Bugjerde blir det store gode artistar også laurdagen. Og det er denne kvelden konserten med Ruben blir. Bugjerde var sjølv på Ruben sin konsert på Malakoff i fjor.

– Folk kan gle seg til denne konserten. Ruben er energisk på scena og har ein utruleg kontakt med publikum, seier han og legger til at artisten kjem til å bli veldig synleg utover hausten sidan han skal vere med i Kompani Lauritzen.

Strandfestivalen er klar til å ta imot både artistar og publikum. Han legg til at akkurat no jobbar dei med scene, lyd og lys.

– Strandfestivalen er alltid i rute. Artistane er på plass og bygda er klar, seier Bugjerde og smiler.

Gjettekonkurransar

Billettsalet til festivalen startar 10. desember. Festivalen har som mål å gjere det litt spennande når dei annonserer kva artistar som kjem til årets festival.

– Vi har som vanleg lyst å gjere det litt spennande, så vi har starta ein konkurranse i sosiale medium som handlar om å gjette artistane basert på hint som vi kjem med, sa Bugjerde til Fjordenes då dei avslørte at Madcon skulle spele på fredagskvelden.

Klarte du å gjette at det var Madcon som skulle spele fredagen? Og var du ein av dei som gjetta riktig denne gongen med Ruben?