Kalvåg, Måløy og Nordfjordeid går i tusen bitar

Puslespel med motiv frå ulike stadar i landet er blitt veldig populære den siste tida. – Vi blei nettopp ferdige med Kalvåg-puslespelet for ei veke sidan, seier dagleg leiar Stian Solheim i Hobbyspesialisten.

Dagleg leiar, Stian Solheim (t.h) og Frode Hjelmeland som er prosjektleiar har henda fulle med å sende ut puslespel til området vårt. Puslespela har motiv frå Måløy, Nordfjordeid og Kalvåg.   Foto: Privat

Kultur

Dei har det siste året merka stor pågang frå folk som ønsker å kjøpe puslespel frå plassen dei bur eller vaks opp på.