Bygda blir med i bulyst-program og får 80.000 kroner i tilskot

Ålfoten grendautval har fått ei førjulsgåve. Dei er tatt opp i Vestland fylkeskommune sitt LivOGLyst - program. I første omgang betyr dette eit eittårig forprosjekt og 80.000 kroner i tilskot.

Bjarte Myklebust og Monika Hansen gler seg over at dei kan jobba saman med folk i Ålfoten, organisasjonar og næringsliv med å skape ei endå meir attraktiv bygd.  Foto: Privat

Kultur

Heile bygda er dermed klar til å ta fatt på å vidareutvikle Ålfoten, og alle får vere med. LivOGLyst-programmet er ei satsing der folka i bygda, næringsliv, organisasjonar og kommunen samarbeider.