Andrea (17) gler seg til å feire ei annleis jul med sin franske «familie»

Ho har lenge visst at ho hadde lyst å reise vekk og bu og gå på skule i eit anna land. No har Andrea Hagen Lunde frå Måløy budd i Frankrike i over tre månadar og elskar det.

Her er Andrea sin franske familie.  Foto: Privat

Kultur

Andrea Hagen Lunde er utvekslingselev og bur hos ein vertsfamilie i ein liten by som heiter Doussard. Etter at ho var ferdig med vg1 på studieførebuande ved Måløy vidaregåande skule, pakka ho kofferten og sette seg på flyet til Frankrike.