Bjarte «kuppa» studioet til Sølvi: – Det var på tide å snu spegelen

Bjarte Gangeskar har gjennom adventstida funne stor glede i å høyre på Sølvi Hopland Aemmers sine podkastepisodar på fjt.no. Men han følte at det mangla ein viktig person.

Bjarte tek styringa: Bjarte Gangeskar tok kontakt med Fjordenes Tidende for å høyre om han kunne ta ein prat med Sølvi på same måte som ho har gjort med snart femti gjestar over to sesongar. Det sa vi sjølvsagt ja til.  Foto: Bjarte Gangeskar/Sølvi Hopland Aemmer

Kultur

Han var sjølv ein av gjestane under den første sesongen av adventsserien i 2020, så då Gangeskar tok kontakt med Fjordenes Tidende og spurte om han kunne få «ta igjen», var vi ikkje vanskelege å be.

– Sølvi har gjennom to adventstider latt oss få møte vanlege folk. Vi har fått høyre om levde liv, om kva som skapar glede og korleis folk har takla meir utfordrande sider av tilvære. Sølvi har vore opptatt av å spreie håp og lys og å få fram at alle folk har ei historie å fortelje. Ei historie som vi alle kan lære av, seier han når han beskriv arbeidet til den gode venninna.

– Men Sølvi har sjølv ei spesiell historie å fortelje og no tenkjer eg det er på tide at vi «snur spegelen» og lar ho få lov å fortelje, seier han og kjem med ei oppmoding til lyttarane:

– Ta deg tida til å høyre litt om kva som har skjedd i livet hennar og korleis det har ført ho dit ho er i dag.

I episoden tar dei oss mellom anna med tilbake til barndommen og ungdomsåra då dei gjekk på skule i lag. Vi kan også røpe at dei slår på tråden til ein heilt spesiell person som har betydd mykje for dei begge.



Musikk: Sølvi Hopland Aemmer.

Gjekk du glipp av nokre av episodene til Sølvi kan du høyre dei her: