Søstrene trivst i Forsvaret: – Å segle eit av verdas raskaste marinefartøy er det kjekkaste med jobben

Søstrene Emilie (19) og Maria Kolseth Jensen (26) frå Leirgulen, som begge er i Forsvaret, fekk litt sjokk, men var mest glade for å sjå kvarandre, då dei plutseleg låg til kai på same plass i Nord-Norge.

Søstrene Emilie og Maria Kolseth Jensen blei veldig glade for å treffe på kvarandre. Det var lenge sidan dei hadde sett kvarandre. – Det var godt å vite at ho var nær, seier Emilie.   Foto: Privat

Kultur

Ein korvett hadde gått til kai ved sidan av KV Andenes i løpet av natta, og Emilie skreiv ei melding til søstera frå kystvaktskipet for å høyre om Maria tilfeldigvis var i Ramsund.