Ellen og Koen flytta vekk frå stresset og skapte seg eit nytt liv

Ellen De Wilde (30) og Koen Vanacker (32) har budd på Bryggja i snart eitt år. Dei har lagt stress i storbyen i Belgia bak seg, og starta eit nytt og spennande liv i eit gamalt hus på bygda.

Ellen De Wilde og mannen Koen Vanacker er lykkelege på Bryggja. Her er dei i full gang med sitt nye liv.   Foto: Privat

Kultur

Paret har budd og jobba i Antwerpen, og flytta til Norge i juli 2020. Dei første månadane budde dei på Byrkjelo medan Koen jobba på Sandane, men flytta til Bryggja da Koen fekk jobb som VA-ingeniør i Stad kommune.