Jonathan (17) bytta ut den våte og kalde heimstaden med 45 varmegrader og ørken

Jonathan har skifta ut Måløy med ein liten by i USA i eitt år. Han har gått frå vått og kaldt til knallvarmt.

Jonathan Brunsvik Mork har sagt hadet til våte, kalde Norge og hei til varme Moapa Valley i USA, som ligg like ved Las Vegas. Dette bildet er frå Santa Monica i LA.  Foto: Privat

Kultur

Byen han bur i heiter Moapa Valley og ligg rett utanfor Las Vegas i Nevada. Her har han budd i fem månadar saman med vertsfamilien sin.