Det er lett å finne romjulsstemninga på denne plassen

Det er ikkje vanskeleg å komme i romjulsstemning på Nordfjordeid. Mykje snø, lys frå julepynt og snødekte tre skapte ei fin vinterramme.

Julenissen har krasjlanda i hekken til ein familie.  Foto: Kjellrun Åsebø

Kultur

På Nordfjordeid var det meste dekt av snø, frå parken til klatreparken, og frå kyrkjeplassen til Eksersisplassen. Hagar og hus hadde framleis julelysa oppe og ved Operahuset stod ei julepynta gravemaskin.