Skal du gå nyttårsbukk? Då er det lurt å følge desse råda

På same måte som i fjor er det lurt å planlegge nyttårsaftan på ein litt annan måte enn tidlegare. Kommuneoverlege i Kinn, Kjell-Arne Nordgård, gir deg nokre enkle råd til ei trygg og kjekk feiring.

Skal du gå nyttårsbukk? Då er det lurt å følge nokre enkle råd.  Foto: Privat

Kultur

Desse råda er lure å følge dersom ein går nyttårsbukk eller tar imot nyttårsbukkar:

  • Ein treng ikkje gå til alle i byen, tettstaden eller bygda. Ein kan avgrensa kor mange ein går til, om det er til dei i gata si, til dei som er i same kohortar eller til familievennar.
  • Vel innpakka godteri til å dele ut.
  • Ikkje la alle ta oppi skålene der godteriet ligg, men la den som tar imot bukkane dele ut.
  • Nokre plassar er det tradisjon for å gå inn i husa, men det treng ein ikkje gjere i år.
  • Hald avstand

– Det positive med å gå nyttårsbukk er at hovudaktiviteten er utandørs. Og utandørs er det mindre fare for smitteoverføring, seier Nordgård.

I tillegg gjeld dei vanlege råda under pandemien og når ein skal ut i mørket:

  • Dersom du har luftvegssymptom bør du ikkje gå nyttårsbukk, men ha ein koseleg kveld heime.
  • Ha reine hender, hanskar eller skei/pølseklype når du deler ut godteri.
  • Bruk refleks.