Fylket skal feire frivilligheita med ekstra tilskot og ny pris

2022 er frivilligheitas år, og Vestland fylkeskommune markerer året med ekstra tilskotsmidlar, ein heilt ny frivilligpris og frivilligkonferansar.

2022 er frivilligheitas år, og Vestland fylkeskommune markerer året med ekstra tilskotsmidlar, ein heilt ny frivilligpris og frivilligkonferansar. Bildet er frå Songkafé på Frivilligsentralen i Måløy.  Foto: Gjert Myrestrand

Kultur

– I 2022 skal vi markere frivilligheita – i Vestland og landet elles. Målet er å få fleire med, redusere barrierar for å delta og synleggjere frivilligheita. 2022 blir eit viktig år for å kickstarte frivilligheita igjen etter snart to år med pandemi. Eg er glad for at fylkestinget har sett av meir enn 800.000 kroner til Frivilligheitas år 2022, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.