Nata har bestemt seg for å satse på nytt: Men denne gongen på ein annan plass

Natas thaimat stengde restauranten i Måløy i januar 2021. Litt over eit år seinare, i april, kjem dei til å starte opp Natas restaurant på Nordfjordeid.

Natasruong Khunson Beitveit og Roger Beitveit fekk fine ord då det blei kjent at dei skulle legge ned restauranten i Måløy i januar 2021. Ein venninnegjeng takka dei for gode stunder og god mat. Her er det Ingri Føleide frå Måløy som held ei lita tale til dei.  Foto: Svanhild Breidalen.

Kultur

Natas restaurant har laga ny side på sosiale medier der dei annonserer at dei startar opp igjen i ny drakt og denne gongen på Nordfjordeid.