Lagar installasjon i fjellet Mannebeinet

Olav Venø skal ha installasjon på fjellet Mannebeinet. Foto: Bjørn Venø 

Kultur

Den nye kunstfestivalen skal vere ein festival for både store og små, forsikrar arrangørane. Blant anna blir det installasjon i fjellet Mannebeinet.

- For born vil vi ha akrylmaling og for ungdom anledning til å spraymale ein gamal traktor, arrangert av Anita Eide, fortel arrangør Bjørn Venø om programmet til den splitter nye festivalen Venø Gård KUNST.

I tillegg til performancekunst utført av dei inviterte kunstnarane skal festivalen tilby noko for alle.

Derfor har Venø fått med seg far sin, Olav Venø.

– Han skal lage ein installasjon på fjellet Mannebeinet. Han har ikkje kunstnarfagleg bakgrunn, men har flørta med maling og skulpturar i mange år, avslører Venø, og fortel vidare at hensikta med dette er å støtte oppunder tankane om at lokalsamfunnet har både idear og perspektiv dei kan gje til kunsten.

– Vi planlegger også ein paneldebatt leia av kunstnaren Erik Friis Reitan, der det blir opent for innspel frå alle. Vi ser for oss to tema, forholdet mellom kunst og tilskodar, og forholdet mellom menneske og natur – og korleis performancekunst kan uttrykkje det, forklarar han.

I tillegg kan publikum oppleve maleri av lokale born utstilt i låven, videoframsyning av tidlegare arbeid av kunstnarar.

– Nok MAT, Nok og Yngve Eide, vil stå for sal av mat og drikke, fortel han.