Unik kunstoppleving på eit lite småbruk

Spente: Bjørn Venø, Anita Eide, Julia Kröner og Olav Venø har gjort klart eit småbruk på Venøy til internasjonal performance kunstfestival. Foto: Siri Kolseth 

Kultur

Anita Eide, som sjølv er kunstnar, seier at det er heilt uvanleg at performancekunst kan opplevast ute i distriktet, slik som på festivalen på Venøy i Selje denne helga.

– Dette er kunst som finst i byar, seier Eide, og viser til at sjølv i storbyane i Norge var dette ei sjeldan kunstform å finne for ti år sidan.


 

Men i helga er eit lite småbruk på Venøy klar for ein internasjonal festival for nettopp performancekunst med fleire internasjonale kunstnarar på plass.

– Dette bringar samtidskunst til ein liten plass, seier Eide, som peikar på at formatet på festivalen er stort. Festivalprogrammet går over to heile dagar, både laurdag og søndag.På Venø Gård vil ein denne helga også kunne oppleve performancekunsten – det å sjå på at kunstnaren skapar eit arbeid. Publikum får også prøve seg med til dømes spraymåling av ein traktor. Det blir også paneldebattar og barneprogram.