Frisør Joakim Sumstad frå Måløy reiste til NM med eit ønske om meir erfaring. I bagasjen har han no også ein pokal.
Joakim Sumstad frå Måløy gjekk i helga til topps i NM i styling av langt hår. Sjølv hadde han aldri trudd han skulle vinne i NM-debuten. – Eg visste på førehand at eg skulle konkurrere mot folk som har vunne mange gongar, og som har lang erfaring frå bransjen, så innstillinga mi var at eg berre skulle reise ned for å prøve meg, fortel den ferske frisøren om opplevinga. Begge foto: Privat