- Eg har sløkt brann før, men det er lenge sidan. Det var litt skummelt å stå så nærme branne, sa Mathilde Flister (7) frå Holvik.

Ho synest det var gøy å vere på brannstasjonen og sjå korleis utstyret og brannbilane fungerer.

Kim Hjelle og John Inge Henden i Vågsøy brann og redning er strålande fornøgd med dagen, og trekk fram at dette er ein viktig dag.

- Vi ynskjer å vise ungane at vi berre er vanlege folk, og brannstasjonen er alltid open. Det skal ikkje vere skummelt å kome til oss, påpeiker dei.

Dei rekna med rundt 500 besøkande, og då Fjordenes Tidende var innom stasjonen laurdag var det stinn brakke.

- Det er fantastisk kjekt at folk møter opp, og vi på berre god respons frå både vaksne og born, fortel dei.

I år kunne dei besøkande få prøve å sløkke brann, helse på brannbamsen Bjørnis og sitte på i brannbilen. I tillegg delte brannmannskapet ut vafler og kaffi.

- I år vil vi også sette fokus på organisasjonen Brannmenn mot kreft. Den er stifta med mål om å forske på kreft knytt til det å jobbe som brannmann, sidan vi har fire gongar større sjanse for å bli ramma ein folk med andre yrke, fortel John Inge Henden og legg til at dei framover vil jobbe med samle inn pengar frå lokale bedrifter til organisasjonen.

Les meir om arrangementet i tysdagsavisa.