Premieren i Operahuset Nordfjord vert onsdag 4. oktober, med øvrige framsyningar 6., 7., 8., 11., 13., 14. og 15. oktober.

Onsdagane 4. og 11. oktober og fredagane 6. og 13. oktober startar framsyninga kl. 18.30, laurdagane 7. og 14. oktober startar vi kl. 17.00 og begge søndagane har vi matinéframsyningar kl. 14.00.

Det skulle då vere mogleg å finne ei framsyning på ein dag som passar einkvar, enten du har lang reiseveg heim etter framsyninga, ønskjer operapakke på Nordfjord Hotell, eller vil ha tid til å gå ut for ein betre middag før eller etter framsyninga.

– Cirka 40 min. før kvar framsyning vert det intro i kinosalen med interessant informasjon om korleis operaen vart til og eit aldri så lite tilbakeblikk på dei eventyrlege sildeåra, det myldrande fokelivet i Måløy og kanskje nokre gode råd om kor sunt det er å ete sild!