Laurdag under festivalen har dei nemleg sikra seg den prisvinnande breakdancegruppa Absence Crew frå Bergen. Og saman med dei på scena får publikum også sjå ingen ringare enn den lokale cheerdancegruppa MIL Cheer.

– Dette er det så kjekt for oss å få lov til å vise fram. Jentene i MIL Cheer er kjempeflinke og haustar så mykje kred allereie. Saman med Absence Crew kjem dette til å bli spektakulært, seier Pleym.

Trenar Stine Bøe trur jentene gler seg.

– Dei verkar gira. Vi starta troppen for over to år sidan, men fekk berre vist oss fram ein gong før koronaen kom. Dei har trent og øvd gjennom heile perioden, men det har vore nokre nedturar der dei har gledd seg til ting som så måtte avlysast. Men dei har stått på og hatt vilje og motivasjon, så no er dei klare, og skal endeleg få vist det fram.

MIL Cheer skal både danse saman med Absence Crew, men også ha ein eigen del.

– Vårt nummer er koreografert av Marie Eide Johansen frå den kjende cheerdancegruppa Sirens, medan det nummeret vi skal danse saman med Absence Crew er det dei som har koreografert. Det skal jentene faktisk lære dagen før festivalen i workshop med Absence Crew! seier ho.

Workshop, meet and greet og show

I tillegg kjem den lokale gruppa Local Lads, som også speler på kvelden, og showet Paw Patrol som ein kjenner frå TV.

Strandfestivalen satsar mykje på juniorarrangementet som er del av festivalen, og for dei handlar det om inkludering, forklarar Pleym.

– Ja, det er så fint å kunne gi tilbake til alle. Dette er for å skape festivalstemning for dei som ikkje er gamle nok til å kome på kveldsarrangementa.

Og dei som deltek på juniordelen av festivalen kjem til å få nærkontakt med stjernene. For under festivalhelga 8. og 9. juli kjem Absence Crew til å kome ein dag før, og ha danseworkshop med MIL Cheer, før dei stiller på scena både med eigne show og eit felles nummer.

Paw Patrol skal i tillegg til showet ha ein såkalla meet and greet der ein kan få helse på kjendisane frå Barne-TV, og Local Lads kjem til å spele ein del av kveldsrepertoaret sitt også på dagtid så det unge publikummet får ein smak.

Paw Patrol kjem med både show og meet and greet. Foto: © 2020 Spin Master Ltd. All Rights Reserved.

– Vi synst det er kjekt å kunne vise fram lokale talent, det har vi alltid gjort. Det er faktisk mange lokale artistar som er heilt på høyde med dei som kjem tilreisande. Eg får litt ekstra stoltheit i magen når eg står i publikum og ser dei lokale skine på scena på den måten dei gjer, seier Pleym.

– Ein fantastisk festival

Sparebanken Vest er hovudsponsor for Strandfestivalen, og går i år inn med heile 300.000 kroner. I banken erdei opptatt av gode oppvekstsvilkår for barn og unge, og det ser dei at festivalen bidrar til å skape.

– Strandfestivalen engasjerer i alle aldersgrupper og skaper masse glede. Det at vi har mange tilbod i vårt nærområde gjer at vi alle finn noko vi likar, og det bidrar til bulyst, seier Wenche Myhre, som er sjef i banken som er eigd av 290.000 vestlendingar.

Dei har tru på at juniordelen blir ei fantastisk flott stund på festivalen.

– Her er det noko for alle. Samarbeidet mellom Absence Crew og MIL Cheer blir veldig spennande – det kjem til å rykke godt i dansefoten. Og Paw Patrol og Local Lads vil skape stor stemning.

Den lokale gruppa Local Lads skal spele både på juniorarrangementet og på kvelden. Foto: Vida-Kristin Eikrem

Myhre meiner festivalen er spesiell med tanke på plassering og omgivnadar.

– Det gjer den heilt unik. Men det gjer også eldsjelene i og rundt festivalen. Dei gjer ein fantastisk jobb og har inkludering og samhald i fokus.

– Skal de på festivalen sjølve i juli?

– Klart vi skal! Og vi tilsette stiller med ulike aktivitetar for alle på Strandfestivalen Junior. Vi gler oss veldig, og mest til å møte alle på festivalen. Ingen ting er så kjekt som å sjå og oppleve eit smil og slå av ein prat .

Her øver Wenche Myhre, Inger Horn og Tonje Lillesalt, samt Marius Stavenæs Refvik og Rune Eriksen fra Strandfestivalen, saman med MIL Cheer-dansarane. Foto: Seline Larsen
– Vi har samarbeidd med Strandfestivalen heilt frå starten, og vi ønsker langsiktigheit i sponsorengasjementa vi er med på. Vi har verkeleg funne tonen med styret og alle dei frivillige som står på dag og natt for å skape trivsel og glede, seier banksjef Wenche Myhre. Foto: Svanhild Breidalen

Gira for fest

No er heile programmet til Strandfestivalen klart og offentleggjort, og festivalstyret gler seg.

– Vi synst det er fantastisk. Dette er den største lineupen vi har hatt både økonomisk og prestisjemessig. Vi er kjempeklare for ein fest, og det trur vi folk er også, for vi har aldri selt fleire billettar på førehand enn det vi har gjort no. Vi er så gira at vi nesten ikkje kan vente.

– Her høyrest det ut som folk må sikre seg billettar?

– Ja, det trur eg nesten dei må. Festivalcampen var full i februar og vi har folk på venteliste. Det er plassar igjen på konsertane, men det er jo eit tak på rundt 3.000 personar. For vi har ikkje ambisjonar om å bli den største festivalen.

Foto: Seline Larsen
Foto: Seline Larsen
Foto: Seline Larsen