Via nettsidene til Nasjonalbiblioteket kan du no lese og søke i Fjordenes Tidende sine papirutgåver frå første utgåve kom ut 5. april 1910 og heilt fram til aviser som er eitt år gamle. Det blir jamleg oppdatert med dei nyaste utgåvene.

Slik finn du enkelt fram i Fjordenes Tidende sitt digitale arkiv:

1. Klikk på denne lenka: Fjordenes Tidende sitt digitale arkiv

2. Søk med fri tekst i søkefeltet heilt øverst på sida (foran forstørrelsesglaset)

3. Eller du kan søke på datoar i feltet til venstre på skjermen

Og her finn du søketips som gjer det enklare å finne akkurat det du leitar etter.

– Ein unik moglegheit

– Å ha fri tilgang til dette arkivet gir folk ein unik moglegheit til å finne historisk informasjon frå dekningsområdet vårt. Om du skal skrive bok om ei hending tilbake i tid, årbok for historielaget eller berre er interessert i å finne igjen det bildet av deg sjølv frå 1983, så kan du det no, seier redaktør i Fjordenes Tidende, Håvar Fagerli.

Han trur det blir eit fantastisk verktøy for alle som jobbar i Fjordenes Tidende, men ikkje minst for alle som er interessert i avishistorie og leiter etter artiklar og saker langt tilbake i tid.

– Nasjonalbiblioteket har gjort ein strålande jobb med å gjere det enkelt for alle å søke i dette store arkivet.

Mykje interessant å finne

Det er mange som leitar etter gamle avisartiklar av ulike grunnar. Fjordenes Tidende får relativt ofte telefonar eller besøk av folk som leiter etter spesifikke artiklar eller informasjon om hendingar som ligg langt tilbake i tid.

– Det kan dreie seg om alt frå gamle fotballtabellar til informasjon om ein brann på 1920-talet. Det å finne igjen desse artiklane i papirarkivet vårt, spesielt om ein mangler datoen på avisa, kan enkelte gongar vere nesten umogleg, seier Håvar Fagerli.

No har altså alle tilgang til dette verdifulle arkivet og kan finne «alt» fra sofaen sin.

– Det digitale arkivet har ein søkefunksjon slik at ein enkelt kan finne det ein leitar etter. Utgåvene er sortert etter utgjevardato, og ein kan då også bla seg kronologisk framover og bakover i historia. Einaste faren med å gå inn i dette arkivet, er at når ein først har starta å lese, er det vanskeleg å slutte!