Kari

1. Kva Kari vann OL-gull i 2002?

2. I kva land er Kari eit mannsnamn?

3. Kven var Kari Storækre gift med frå 1977 til 1985?

4. Kva instrument blir Kari Svendsen forbunden spesielt med?

5. Kva heiter det norske folkeeventyret som er ein variant av Askepott?

Svar: Kari: 1. Kari Traa 2. Finland 3. Arne Treholt 4. Banjo 5. Kari Trestakk

Senterpartiet

1. Kva er motivet i Senterpartiet sin logo?

2. Kva heitte Senterpartiet fram til 1959?

3. Kva senterpartipolitikar gjekk av som forsvarsminister i april?

4. Kva dagsavis har tradisjonelt vore tett knytt til Senterpartiet?

5. Kva heiter han som representerer Senterpartiet på Stortinget frå Sogn og Fjordane?

Svar: Senterpartiet: 1. Kløver 2. Bondepartiet 3. Odd Roger Enoksen 4. Nationen 5. Erling Sande

Nordland

1. Kva heiter flyplassen ved Narvik og Harstad?

2. Nordland består av fem regionar. Fire av dei er Ofoten, Lofoten, Vesterålen og Salten. Kva er den femte og sørlegaste regionen?

3. Kva heiter tidevatn-straumen ved Bodø som er blant verdas sterkaste?

4. På kva øy i Nordland har Forsvaret ein stor flystasjon?

5. Kva heiter heimebana til Bodø/Glimt?

Svar: Nordland: 1. Evenes 2. Helgeland 3. Saltstraumen 4. Andøya 5. Aspmyra

I sjøen

1. Kva heiter verdas største korallrev?

2. Kva er ein akkar?

3. Kva er makrellstørje ein art av?

4. Kva heiter Noregs mest utbreidde hai-art – ein art som historisk har hatt betdyning her lokalt?

5. Med ein farge i namnet, kva heiter arten av dyreplankton med kjerneområde i Norskehavet som er ei viktig matkjelde for fiskeyngel? Biologen Dag O. Hessen har omtala denne som «Noregs viktigaste dyr».

Svar: I sjøen: 1. Great Barrier Reef 2. Blekksprut 3. Tunfisk 4. Pigghå 5. Raudåte

Svart og kvitt

1. Er den svarte stripa oppe eller nede i det tyske flagget?

2. Moby Dick i romanen med same namn er ein stor og kvit kva for noko?

3. Kven spelar karakteren Black Adder (Sorte Orm)?

4. Kva er namnet på cocktailkjolen med lange ermar som Coco Chanel lanserte i 1926?

5. Kva i naturen har det latinske namnet anemone nemorosa?

Svar: Svart og kvitt: 1. Oppe 2. Kval 3. Rowan Atkinson 4. Den lille sorte 5. Kvitveis/kvitsymre

Lukt

1. Kva gruppe står bak songen «Smells Like Teen Spirit»?

2. Kva by i tidlegare Østfold har blitt kjend for ei spesiell lukt på grunn av utslepp frå ein cellulosefabrikk?

3. Med eit ord på e, kva blir luktande oljar slik som mandelolje og sennepsolje kalla?

4. Frå kva film stammar sitatet «I love the smell of napalm in the morning»?

5. Kva artist står bak parfymeserien Glow?

Svar: Lukt: 1. Nirvana 2. Moss 3. Eteriske 4. Apocalypse Now 5. Jennifer Lopez

Dagar

1. I kva månad har samane sin nasjonaldag?

2. Kva heiter dommedag i norrøn mytologi?

3. Kva ord blir brukt om den israelsk-arabiske krigen i juni 1967?

4. Kva slags sport handlar filmen Days of Thunder med Tom Cruise i hovudrolla om?

5. Kva for eit land har nasjonaldag 14. juli?

Svar: Dagar: 1. Februar 2. Ragnarok 3. Seksdagarskrigen 4. Bilsport 5. Frankrike

Norske forfattarar

1. Kven har skrive om Kompani Orheim og om Mannen som elsket Yngve?

2. Kva by var Amalie Skram frå?

3. Kva pseudonym brukte Kjell Hallbing når han skreiv om Morgan Kane?

4. Kven har skrive romanane Bienes historie og Blå?

5. Kva språkforskar har i tillegg til å forske på språk skrive romanane De beste blant oss og Katalog over mine menn?

Svar: Norske forfattarar: 1. Tore Renberg 2. Bergen 3. Louis Masterson 4. Maja Lunde 5. Helene Uri

Statsleiarar

1. Kva heiter den mektige presidenten i Kviterussland?

2. I kva land er Viktor Orbán president?

3. I kva land var Vaclav Havel president frå 1993 til 2003?

4. Finland sin statsminister er berre 36 år gammal. Kva heiter ho?

5. I kva land er Scott Morrison statsminister?

Svar: Statsleiarar: 1. Aleksander Lukasjenko 2. Ungarn 3. Tsjekkia 4. Sanna Marin 5. Australia

For dei minste

1. Kva heiter den spesielle steinen i Oppedal som er ein turistattraksjon?

2. Kva parti representerer Jonas Gahr Støre?

3. Kva heiter brikkene som står i hjørna på eit sjakkbrett?

4. I kva land ligg byen Milano?

5. Er jern eit grunnstoff?

Svar: For dei minste: 1. Kannesteinen 2. Arbeidarpartiet 3. Tårn 4. Italia 5. Ja