Med rundt 17 påmelde utstillarar kunne dei besøkande mellom anna få kjøpe kle, pynt, bøker, verktøy og strikk, i tillegg til å nyte noko godt å bite i.
Arrangørane, med Marianne Pleym Refvik og Eva Marie Pleym i spissen, oppfordra folk til å ta med seg eigedelar som berre samlar støv og selje det til nokon andre som kunnen ha meir glede av gjenstandane.
- Gjenbruk er populært no!, stod det på arrangementet si Facebook-side.
Marianne Pleym fortel at arrangementet i år også vart vellukka.