Duoar

1. Kva er etternamnet til musikar- og komikarbrørne Bård og Vegard?

2. I kva parti er Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes nestleiarar?

3. Kva litterær figur har med seg den lojale væpnaren Sancho Panza?

4. I kva film er duoen Jules Winnfield og Vincent Vega sentral for handlinga?

5. Kva engelsk popduo består av Neil Tennant og Chris Lowe?

Svar: Duoar: 1. Ylvisåker 2. SV 3. Don Quijote 4. Pulp Fiction 5. Pet Shop Boys

Trioar

1. Kva heiter dei tre røvarane i Kardemomme by?

2. Kvar var Dei tre bukkane Bruse på veg då dei vart stoppa av trollet på veg over brua?

3. Kven var det som ifølgje barnesongen sat og spelte kontrabass på Højbro plass?

4. Kva amerikansk komikartrio bestod av brørne Moe og Curly Howard i tillegg til Larry Fine?

5. I kva idrett var brørne Sigmund, Asbjørn og Birger dominerande på 1930-talet?

Svar: Trioar: 1. Kasper, Jesper og Jonathan 3. Til seters 3. Tre små kinesere 4. The Three Stooges 5. Ruud-brørne var dominerande i skihopp, men gjorde seg òg gjeldande i alpint

Kvartettar

1. Kva blir to fiolinar, ein bratsj og ein cello kalla?

2. Kva heiter dei fire evangelistane i Det nye testamentet?

3. Kva kalla gruppa som bestod av Halfdan Sivertsen, Jan Eggum, Lillebjørn Nilsen og Øystein Sunde seg?

4. I kva idrett herja dei fire S-ane Stensen, Stenshjemmet, Storholt og Sjøbrend på 1970-talet og tidleg på 80-talet?

5. Kva er etternamnet til skodespelarbrørne Alec, Stephen, William og Daniel?

Svar: Kvartettar: 1. Strykekvartett 2. Matteus, Markus, Lukas og Johannes 3. Gitarkameratene 4. Skøyter 5. Baldwin

Mord

1. Kven vart drepen i Memphis, Tennessee 4. april 1968?

2. I Erlend Nødtvedt sin originale roman frå 2021 blir kva kjend norsk forfattar drepen, noko som òg tittelen på romanen røper?

3. Kva film basert på ein roman av Agatha Christie hadde premiere i Noreg 11. februar i år?

4. Kven måla måleriet Mordet på Andreas Baader?

5. Verdas første krimforteljing blir av mange rekna for å vere The Murders in the Rue Morgue/Mordene i Rue Morgue frå 1841. Kven skreiv forteljinga?

Svar: Mord: 1. Martin Luther King, Jr. 2. Henrik Ibsen 3. Mord på Nilen 4. Odd Nerdrum 5. Edgar Allan Poe

Ut i naturen

1. Kva er horngjel?

2. Kva er etternamnet til Sverre M., som er kjend som naturfotograf, forfattar og programleiar for naturprogram på NRK?

3. I kva fylke ligg Lierne nasjonalpark?

4. Ho-fuglen av storfugl heiter røy. Kva heiter hann-fuglen?

5. Kva er granmatriske og furumatriske?

Svar: Ut i naturen: 1. Ein fisk 2. Fjelstad 3. Trøndelag 4. Tiur 5. Sopp

Linjer

1. Kva linje må ein akevitt ha kryssa for å bli kalla linjeakevitt?

2. Kva heiter BBC-serien om antikorrupsjonsavdeling 12 i det britiske politiet?

3. Kven handlar filmen Walk the Line om?

4. I kva lagspel er linjespelar (også kalla strekspelar) ein viktig posisjon i angrepsspelet?

5. Kva heiter den horisontale aksen (linja) i eit koordinatsystem?

Svar: Linjer: 1. Ekvator 2. Line of Duty 3. Johnny Cash 4. Handball 5. X-aksen

Bjørn

1. Kva bjørn heiter Winnie the Pooh på originalspråket?

2. Kva er Store bjørn (ursa major)?

3. I kva verdsdel finn ein grizzlybjørn?

4. Kva øygruppe høyrer Bjørnøya til?

5. Kva er ein slagbjørn?

Svar: Bjørn: 1. Ole Brumm 2. Eit stjernebilde 3. Nord-Amerika 4. Svalbard 5. Ein bjørn som går til angrep på dyr eller menneske

Namn i stadnamn

1. Kva er den største byen i Sør-Afrika?

2. I kva fransk by vart vinter-OL arrangert i 1992?

3. Kva var namnet på byen Halden fram til 1928?

4. I kva land ligg provinsen Prince Edward Island?

5. Kva amerikansk delstat fekk namnet sitt etter Ludvig 14. av Frankrike?

Svar: Namn i stadnamn: 1. Johannesburg 2. Albertville 3. Fredrikshald 4. Canada 5. Louisiana

Fargar

1. Kva er den tredje ytste fargen av dei sju fargane i regnbogen?

2. Kva farge er skarlagen/skarlak?

3. Kva farge er den dominerande på fotballklubben Wolverhampton Wanderers sine trøyer?

4. Kva farge hadde tradisjonelt karanteneflagget som skip med smittefare om bord måtte heise?

5. Kva tilnamn hadde den tyske flygaren Manfred Richthofen?

Svar: Fargar: 1. Gult 2. Raud 3. Oransje 4. Gult 5. Den raude baron

For dei minste

1. Kva er Beate og Kerrs pink eksempel på?

2. Kva er ein steinbit?

3. Kva tone skal stå i staden for spørjeteiknet i denne bokstavrekka? C-D-E-F-G-A-?-C.

4. Kva tre fargar har flagget til Island?

5. I kva land ligg byen Los Angeles

Svar: For dei minste: 1. Poteter 2. Ein fisk 3. H 4. Blått, kvitt og raudt 5. USA