Britiske skodespelarar

1. Kven spelar rolla som Basil Fawlty i Fawlty Towers (Hotell i særklasse)?

2. Kven spelar Hannibal Lecter i filmen The Silence of the Lambs (Nattsvermeren)?

3. Ben Kingsley vann Oscar i 1982 for rolla som kva fridomskjempar?

4. Kven fekk eit gjennombrot i filmen The Talented Mr. Ripley og har sidan blant anna spelt i filmen The Holiday, og Dr. Watson i to filmar om Sherlock Holmes?

5. Kva actionskodespelar spelar rolla som Deckard Shaw i Fast & Furious-filmane og hovudrolla i filmen Wrath of Man frå 2021?

Svar: Britiske skodespelarar: 1. John Cleese 2. Anthony Hopkins 3. Mahatma Gandhi 4. Jude Law 5. Jason Statham

Vals

1. Kva mellomeuropeisk hovudstad har gitt namn til ein type vals?

2. Uttrykt med ein brøk, i kva takt går ein vals?

3. Kva heiter songen der ein finn desse orda: «Det synger i vanter og stag på ny. Hal toppseil my boys hiv-hoi»?

4. Kva land kjem songen «Waltzing Matilda» frå?

5. Kva er det norske ordet for det som på engelsk heiter «steamroller»?

Svar: Vals: 1. Wien 2. 3/4 takt 3. Skomværvalsen 4. Australia 5. Dampvegvals

Eventyr

1. Kva instrument er Veslefrikk veldig flink til å spele?

2. Kva er førenamna til Asbjørnsen og Moe?

3. Kva er spesielt med skipet Espen Askeladd får bygd i eventyret Askeladden og de gode hjelperne?

4. I eit eventyr av brørne Grimm blir ei 12 år gammal jente med veldig langt hår plassert i eit høgt tårn av ei heks?

5. Kva Disney-film er H.C. Andersen sitt eventyr Snedronningen inspirasjon til?

Svar: Eventyr: 1. Fele 2. Peter Christen og Jørgen 3. Det kan gå like godt til vatns som til lands 4. Rapunsel 5. Frozen (Frost)

Høgt og breitt

1. Kva er den høgaste graden i Sjøforsvaret?

2. Kor brei er ei handballbane?

3. I kva land er Ben Nevis det høgaste fjellet?

4. På kva breiddegrad ligg Bergen? Svaret er eit rundt tal.

5. Kva bygning i Oslo sentrum var Noregs høgaste då det vart opna i 1975?

Svar: Høgt og breitt: 1. Admiral 2. 20 meter 3. Storbritannia 4. 60. 5. Postgirobygget

Tore

1. Kva heiter vokalisten i Ole Ivars?

2. Kven har spelt for dei engelske klubbane Chelsea, Sunderland, Leeds United og MK Dons?

3. Kven skreiv romanane Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim?

4. Kva var Tore Torell kjend som?

5. Kva heitte vokalisten i gruppa Unit Five?

Svar: Tore: 1. Tore Halvorsen 2. Tore André Flo 3. Tore Renberg 4. Tryllekunstnar/illusjonist 5. Tore Hansen

Musikalske heimbyar

1.  Kva by kjem Lars Vaular frå?

2. I kva by vart Lene Marlin og Espen Lind fødde?

3. Kva songar vart fødd i Madrid 23. september 1943?

4. Rapparen Eminem spelar hovudrolla i musikkfilmen 8 Mile. I kva by ligg 8 Mile Road?

5. Kva engelsk by kjem gruppa Oasis frå?

Svar: Musikalske heimbyar: 1. Bergen 2. Tromsø 3. Julio Iglesias 4. Detroit 5. Manchester

Geologi

1. Kva skala blir brukt til å måle styrken til jordskjelv?

2. Kva ord blir brukt om det punktet på jordoverflata som ligg rett over eit jordskjelv sitt utgangspunkt?

3. Kva ord blir brukt om leire som er blitt meir lettflytande på grunn av at salt har blitt vaska ut?

4. Kva ord på m blir brukt om kappa som ligg mellom jordskorpa og jorda sin kjerne?

5. Kva heiter den undersjøiske fordjupinga som følgjer kystlinja frå utløpet av Oslofjorden til Stad?

Svar: Geologi: 1. Richters skala 2. Episenter 3. Kvikkleire 4. Mantel 5. Norskerenna

Sjakk og Matt

1. Kva er simultansjakk?

2. Kva blir resultatet i eit sjakkparti viss brikkene står i same posisjon tre gongar i løpet av partiet?

3. Kven spelar rolla som Joey i serien Friends (Venner for livet)?

4. Kva italiensk øy har gitt namn til ei mykje brukt forvarsoppstilling i opninga av eit sjakkparti?

5. Kven var manager for Manchester United frå 1945 til 1969?

Svar: Sjakk og Matt: 1. At ein spelar spelar mot mange motstandarar samtidig 2. Remis (uavgjort) 3. Matt LeBlanc 4. Sicilia (siciliansk forsvar) 5. Matt Busby

Europeiske byar

1. I kva by er Canal Grande ein viktig del av sentrum?

2. I kva by har NATO sitt hovudkvarter?

3. I kva land er Skopje hovudstad?

4. Kva by må ein representant for Justervesenet reise til for å kalibrere det norske kiloloddet opp mot det originale kiloloddet?

5. I kva land ligg byen Brno?

Svar: Europeiske byar: 1. Venezia 2. Brussel 3. Nord-Makedonia 4. Paris 5. Tsjekkia

For dei minste

1. Kor mange grader er ein rett vinkel?

2. Kva farge har ei påskelilje?

3. Kor mange dagar er det i april?

4. Når sjøen står høgt kallar ein det flo. Kva heiter det når sjøen står lågt?

5. Kva er størst av 2/3 og 3/5?

Svar: For dei minste: 1. 90. 2. Gul 3. 30. 4. Fjøre 5. 2/3.