Hellas

1. Kva to fargar er i flagget til Hellas?

2. Kva polis (bystat) frå antikkens Hellas har same namn som ein norsk ishockeyklubb?

3. Kva var valutaen i Hellas før overgangen til euro?

4. På kva øy heiter hovudstaden Iraklio, tidlegare kalla Heraklion?

5. Kva heiter havguden i gresk mytologi?

Svar: Hellas: 1. Blått og kvitt 2. Sparta 3. Drakme 4. Kreta 5. Poseidon

XYZ

1. Kva er ein xylofon?

2. Kva sørafrikansk folkegruppe har gitt namn til bokstaven z i det internasjonale bokstaveringsalfabetet?

3. Kva er namnet på livstreet i norrøn mytologi?

4. I kva land heiter hovudstaden Lusaka?

5. Kva tre bokstavar blir brukt om den nasjonale allmennkringkastaren i Finland?

Svar: XYZ: 1. Musikkinstrument/slaginstrument 2. Zulu 3. Yggdrasil 4. Zambia 5. YLE

I lufta

1. Kva slags farkost er ein Sikorsky?

2. Kva heiter laget i atmosfæren som ligg mellom mesosfæren og troposfæren?

3. I kva verdsdel lever fuglearten kondor?

4. Kva land kjem flyselskapa Kingfisher Airlines og SpiceJet frå?

5. Kva farkost vart demonstrert for første gong i Paris i 1782 av brørne Montgolfier?

I lufta: 1. Helikopter 2. Stratosfæren 3. Amerika (både i Nord- og Sør-) 4. India 5. Varmluftballong

Henrik Ibsen

1. I kva by vart Henrik Ibsen fødd?

2. Kva figur blir av Ibsen beskriven som «underlig gråsprengt»?

3. I kva skodespel møter ein Bøygen, Den grønkledde og Anitra?

4. Døydde Ibsen på 1800- eller 1900-talet?

5. Høyrer Henrik Ibsen si dikting til romantikken, modernismen eller realismen?

Svar: Henrik Ibsen: 1. Skien 2. Terje Vigen 3. Peer Gynt 4. På 1900-talet (1906) 5. Realismen

Hovudstadar

1. Kva heiter hovudstaden i Slovakia?

2. I kva land er Manila hovudstad?

3. I kva land er Khartoum hovudstad?

4. Kva heiter hovudstaden på Grønland?

5. I kva land er Phnom Penh hovudstad?

Svar: Hovudstadar: 1. Bratislava 2. Filippinane 3. Sudan 4. Nuuk (Godthåb) 5. Kambodsja

Aviser

1. I kva land kjem avisa Helsingin Sanomat ut?

2. Kva skriv Ingvild Tennfjord og Edvard Skramstad om for Aftenposten og VG?

3. Kvifor kom den danske avisa Jyllands-Posten i verdas søkjelys hausten 2005?

4. Kva ord på f blir brukt om eit bilete av ei tidlegare sak/artikkel i ein artikkel?

5. I kva by kjem Agderposten ut?

Svar: Aviser: 1. Finland 2. Vin 3. Avisa trykte teikningar av profeten Muhammed 4. Faksimile 5. Arendal

Religion

1. I kva religion er synagoger religiøse forsamlingshus?

2. Kva ord er brukt om frivillige kristne som frå 1095 melde seg til teneste for å ta tilbake heilage stadar, først og fremst Jerusalem?

3. Kva uttrykk frå indisk religion betyr at handlingar mot andre har konsekvensar for ein sjølv i dette livet eller i det neste?

4. Kva språk er Koranen skriven på?

5. Kva katolsk riddarorden har fått namn etter ei øy i Middelhavet?

Svar: Religion: Jødedommen 2. Korsfararar 3. Karma 4. Arabisk 5. Malta (Maltesarordenen)

Tal

1. Kva gigantselskap har namn etter eit eitt-tal med hundre nullar bak?

2. Kva er X i likninga 2X – 3 = 5?

3. Kva romantittel kan skrivast MCMLXXXIV med romartal?

4. Kva nummer har Chanel sin mest kjende parfyme, som vart lansert i 1921?

5. Kor mange dødssynder er det ifølgje Dante Aligheri si guddomelege komedie og ein film med Morgan Freeman og Brad Pitt?

Svar: Tal: 1. Google 2. Fire 3. 1984. 4. Fem. 5. Sju

Kaldt

1. Kva er Cold Response 2022?

2. Kva er det absolutte nullpunktet – altså så kaldt det kan bli – målt i Celsius? Er det 173,15 grader, 273,15 grader, eller 373,15 grader?

3. Filmen Kalde rumper (Cool Runnings) handlar om kva land med lite vinteridrettstradisjonar sitt lag i bobsleigh?

4. Kven har hatt ein hit med ein remix av sin eigen song «Cold Heart» i lag med Dua Lipa?

5. Viss ein brite har «caught a cold», kva har vedkomande blitt då?

Svar: Kaldt: 1. Ei militærøving 2. 273,15 3. Jamaica 4. Elton John 5. Forkjøla

For dei minste

1. Kva heiter hovudstaden i Frankrike?

2. Kva slags skapningar er det som lagar honning?

3. Regla ROGGBIF kan hjelpe ein med å hugse kva?

4. Kva år fekk Noreg si grunnlov?

5. Kva heiter presidenten i USA

For dei minste: 1. Paris 2. Bier 3. Fargane i regnbogen 4. 1814. 5. Joe Biden