Det er krig i Europa, og vi får dagleg påminningar om at vi ikkje skal ta fridomen og demokratiet for gitt. Vi er heldige, og skuldar ein stor takk til alle som har kjempa for at vi i dag kan leve i eit fritt og demokratisk land.

Det er på dagar som frigjeringsdagen og grunnlovsdagen at vi har eit ekstra fokus på dei som har kjempa for fred og fridom. Denne viktige kampen har blitt kjempa på fleire vis, og heldigvis har mykje av denne kampen blitt dokumentert for ettertida.

Vi må ta lærdom av historia, og ikkje tenke at fridomen, demokratiet og freden er noko som kjem av seg sjølv. Nettopp derfor er vi takknemlege for alle bidrag til å få fram historia. Eit eksempel på dette er boka om fiskebåten Bergholm frå Måløy som vart lansert 8. mai.

Sjølv om det er 78 år sidan den andre verdskrigen er det framleis like aktuelt. Spesielt når vi ser tendensar til at nokon kanskje berre ser 17. mai som ein del av langhelg. Det har denne våren vore fleire artiklar i Fjordenes Tidende om at det store vanskar med å få nok frivillige med i komiteane som skal arrangere den lokale feiringa av 17. mai.

Feiringa av grunnlovsdagen er vår måte å kjempe for fridomen, freden og demokratiet. Vi har eit felles ansvar for desse verdiane går vidare til neste generasjon. Stor takk til alle frivillige som legg ned ein stor innsats for at vi kan feire frigjeringsdag og grunnlovsdag kvart år.

Tida vi er inne i no gjer at det er ekstra viktig å markere frigjeringsdagen og grunnlovsdagen. I år skal vi verkeleg feire 17. mai, og sende eit tydeleg signal til alt og alle som trugar freden, fridomen og demokratiet. Dette gjer vi også med å dokumentere markeringa av grunnlovsdagen.

Fjordenes Tidende vil vere med på denne dokumentasjonen, og det får vi til i samarbeid med alle de som kan dele blider og videoar av feiringa med lokalavisa. Send oss bilde på e-post til fjt@fjt.no eller merk bilda med #fjtno.

Saman skal vi vise omverda kor høgt vi set fridomen og demokratiet.

Gratulerer med dagen!