Sønderland skal saman med artisten Turab stå for den musikalske underhaldninga i NRK-programmet Lindmo.

Sønderland er musikkprodusert og komponist og har det siste året jobba saman med Turab med det andre albumet hans, Himmelrotter fra landsbyen.

Og låten Svartedøden har verkeleg blitt lagt merke til. Ein låt som handlar om dødsangsten vi menneske ofte kan føle på, og det å akseptere skjebnen vi alle har i vente.

Låten vart nyleg plukka ut som «Ukas låt» på P3.