Oversikta over fjellturar i regionen er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

Mosekleivhornet

Stien startar på det høgste punktet på vegen mellom Drage og Hoddevik. Turen går i lett terreng, sjølv om der er nokre motbakkar. Men når ein først er oppe på høgda får ein ei fantastisk utsikt over Stadhavet og ei av dei flottaste strendene vi har her i området, Hoddeviksanden.

Foto: Tor Magne Gangsøy

Ein må rekne med om lag 1,5 time kvar veg. Ein kan også begynne turen på Dragseidet som ein lengre tur om ein ønskjer det. Utsikta frå toppen er spektakulær, og det er nettopp denne utsikta som er fotografert på førstesida av årets utgåve av magasinet Havsalt sommar.

Melnyken - Stallbrekka

Ytre Nordfjord Turlag anbefaler turen til Melnyken. Turen startar på toppen av gamle Kvalheimsveien. Herifrå er det skilta mot Melnyken. Vel framme på Melnyken dreier ein vest og går mot Stallbrekka. Her er stien ikkje like synleg alle plassar og gjennom nokre luftige parti får ein testa om ein har høgdeskrekk.

Foto: Arve Per Kvalheim

Du får fin utsikt til bygdene Oppedal og Kvalheim på kva si side av ryggen ein går på, og frå toppen får ein utsikt mot havet i vest.

Moldahytta

Hytta ligg midt i eit stinett søraust for Svelgen og kan nåast frå jakthytta på Ytrehus, frå Gulebrystet eller Risesætra. Den mest brukte turen startar inst i Tiurvegen på Langeneset.

Foto: Jannike Brenden Frøyen

Ein følger grusveg det meste av turen, og siste delen opp til hytta er på god blåmerka sti. Hytta er utstyrt med kjøkken, åtte nye sengeplassar og solcellebelysning. Vindfanget og utedoet er alltid ope. Turen er i underkant av 2 km.

Vedviknibba

Dette er ein populær topp, både for turgåarar på sommaren og med ski eller truger på vinteren. Ein kan gå ein bratt sti opp frå Leivdalsvegen eller ein jamnare stigning frå Stigedalen. Begge er merka.

Foto: Irene Lunde

Om ein går frå Stigedalen, kan ein parkere ved anlegget på Tua. Ein går skogsvegen nokre 100 meter, før ein ser eit skilt. Frå toppen ser ein utover mot Nordfjorden og innover mot Hornindalsvatnet og Fladalen.

Nibbefjellet, Storenosa og Hesten

Turen Vågsvåg Trippel startar ved moloen i Vågsvåg. Ein kan sjølv velje om ein vil følge vegen mot Skaret og gå stien inn til venstre rett før toppen av vegen, og følge denne mot første topp; Nibbefjellet. Eller ein kan velje å gå stien rett frå moloen langs fjæra og komme til Hesten. Denne runden er ca. 8 km lang og går først opp til toppane (Nibbefjellet eller Hesten) som er omtrent like høge – rett over 300 moh. Herfrå til de to neste toppane er det berre små opp-og-ned-bakkar før nedstiginga.

Foto: Tonje Elisabeth Husevåg

Ein har ei fantastisk utsikt på turen.

Langhuken

Langhuken er Keipen Turlag sin gapahuk som ligg nydeleg til på ein odde i Langevatnet ved fv. 614. Parker på parkeringsplassen ved Langesjø hyttegrend. Nokre meter etter inngangsportalen, tar du til høgre gjennom skogen.

Foto: Jannike Brenden Frøyen

Her kjem du fram til eit idyllisk område med gapahuk og høve til å lage mat på bålpanna (hugs ved til eige bruk). Du kan bade eller fiske (fiskekort) og om du har med deg DNT-nøkkelen, kan du ta deg ein tur i kano på vatnet. Det er ein flott plass å henge opp hengekøyer. Turen er berre litt over 1 km og er grønmerka.

Knekkevasshytta

For å komme til hytta, kan du gå frå parkeringsplassen ved Sørdalstrappa og følge T-merka sti mot Keipen. Denne vegen er i underkant av 3 km, ein familievennleg tur. Det er også mogleg å gå frå parkeringa ved Amsterdam. Denne er brattare og 1,5 km å gå.

Foto: Jannike Brenden Frøyen

Dette er ei DNT-hytte som Keipen Turlag har bruksavtale på. Her er sengeplass til 12. Hytta er låst med DNT-nøkkel. Det er fint å nyte nistematen på terrassen med utsikt over Nordgulen. Vil du lage deg eit varmt måltid er det gasskomfyr. Hytta har solcellebelysning. Må du, kan du besøke utedoet Dassidyll.

Eggja i Selje

Av fjellturar i Selje, kjem ein ikkje unna Tarvaldseggja. Turen startar ved vegen på høgste punktet på Sandvikeidet på godt merka sti. Ein kan velje om ein vil ta ein liten tur oppom Orren, eller gå forbi. Godt oppe i stien kjem du til ei steinur med tilrettelagde trinn. På toppen har du god utsikt i alle retningar.

Foto: Sidsel Otnes

På veg ned, ta gjerne stien ned i Kvernhusdalen, Klipet og til dagsturhytta Sjøglytt.

Keipen

Fjellet har gitt namn til turlaget i Bremanger. 1.362 moh. viser toppen seg som ein båtkeip frå store delar av kommunen.

Foto: Svenn Petter Kjerpeset

Vil du prøve deg på ein tur hit, kan det vere ein god start å begynne dagen før, overnatte på Knekkevasshytta og gå på den T-merka stien. Starten finn du ved parkeringsplassen ved Slørdalsvatnet. Gå opp trappa og følg T-merkinga fram til hytta og heilt til toppen. Dette er ein lang dagstur for folk flest.

Branden

Ein lett tilgjengeleg topp, med flott utsikt til Anda, Gloppefjorden og Hyefjorden. Ein kan parkere på Årskogvik camping, mot parkeringsavgift. Frå Årskogvika går ein nordover langs E39, og kryssar vegen etter om lag 200m. Det er skilta frå starten av skogsvegen. Etter kvart går vegen over i sti. På veg opp eller ned, kan ein gå bortom ein gapahuk, som er sett opp ikkje langt frå stien. Siste delen mot toppen går stien langs ryggen, med fin utsikt mot fjorden.

Foto: Irene Lunde

Frå Branden kan ein gå vidare til Trollenykjen. Ein kan rekne om lag to timar opp til Branden.