20-åringen frå Bremanger er ei av fleire lokale musikalske talent som nok ein gong deltok på Njords Men MC sitt arrangement mot mobbing i Kalvåg. Førde går til vanleg på Paul McCartney-skulen Liverpool Institute of Performing Arts, og var heime i helga for mellom anna å delta på antimobbearrangementet.

– MC mot mobbing er ei viktig markering, seier Førde.

Ungdommane kjenner ikkje til mobbeproblem i Bremanger, men trur det eksisterer.

– Det er ingen plassar som er mobbefrie. Alle plassar har små eller store problem, og det er veldig greitt at vi har eit slikt arrangement her i bygda som støttar opp mot mobbing, seier Hans Kristian Hovde.

Nye bordtennisbord

Eit direkte resultat av tidlegare antimobbearrangement er eit splitter nytt bordtennisbord, som vart sett opp på Kalvåg oppvekstsenter før helga.

Resultat: Jannike Brenden Frøyen i FAU, leiar Kjell Larsen i Njords men og rektor ved Kalvåg Oppvekst Dag Magne Nigardsøy ved det nye bordtennisbord til uteområdet ved skulen.

– FAU søkte i fjor prosjektet om midlar til tiltak på skuleplassen, som kan brukast både i skuletida og etter skuletid som førebyggjer mobbing. Vi trur at dersom barna har litt aktivitetar å drive med, så hjelper det, seier FAU-leiar ved Kalvåg oppvekstsenter, Jannike Brenden Frøyen, som takka for bidraget på 10.000 kroner frå Njords Men.

Inntektene frå MC mot mobbing går uavkorta til tiltak som skal førebyggje mobbing.

Vaksne som rollemodellar

FAU-leiaren og rektor ved Kalvåg oppvekst, Dag Magne Nigardsøy, fortel at sjølv om dei ikkje opplever store mobbeproblem i Kalvåg, så jobbar ein med førebyggjande tiltak.

– Vi er ein ganske samansveisa gjeng. Vi legg opp til samarbeid på tvers av klasser for å skape samhald. Vi jobbar med dette kvar einaste dag, seier Nigardsøy.

Brenden Frøyen set pris på arrangementet, fordi det også kan vere ein vekkar for vaksne.

– Vaksne får det ikkje innprenta i skulen kvar dag, som barn får. Eg trur mange gonger at barn er meir bevisste på mobbing enn vaksne er.

Dette var noko av det lensmann Espen Gulliksen tok opp i si tale, der han drog fram sosiale medium som ein ny arena for mobbing.

– Det er lett når ein sit framfor ei datamaskin og har ein konflikt gåande, å hakke laus på pc-en og la ubehaget stå til, og så trykke «enter». I staden for slik ein gjorde før, der ein måtte ta det opp ansikt til ansikt. Vi er vaksne, vi er førebilde, og barna legg merke til kva vi gjer. Viss vi mobbar, så er det kanskje ikkje så veldig rart at dei gjer det. Eg vil oppmode alle, både unge og vaksne om å tenke seg om både ein, to og tre gongar før ein legg seg ut på nettet og trykker enter, sa han.

MC mot mobbing blei arrangert for fjerde år på rad. Paraden starta i Svelgen og enda opp i Kalvåg. I følgjet var det 47 motorsyklistar frå Njords Men, motorsykkelklubbar frå Florø, Høyanger og Førde og andre.

– MC mot mobbing spring ut frå ei tragiske hending for nokre år sidan, då ein ung gut tok livet sitt etter lang tids mobbing. Det som skjedde vidare var at eit tilnærma samla MC-miljø i Norge gjekk saman for å vise engasjement og avsky mot mobbing. Store paradar vert arrangert i mai kvart år for å vise engasjement, og for å skaffe inntekter til å kjempe mot mobbing, sa president Kjell Larsen i Njords Men.