Fleire galleri i ytre Nordfjord har sommaropne utstillingar. Dei fleste held ope fram til midten av august, så ein kan gjere lurt i å ta turen veldig snart dersom ein vil besøke dei ulike kunstutstillingane.

På Vågsberget i Måløy finn ein utstillinga «Tradisjon og trend – norsk ull til alle tider». Der kan ein prøve å spinne eigen tråd, og ifølgje dei tilsette har utstillinga blitt tatt godt i mot av alle besøkande.

Doktorgarden i Selje har besøk av to kunstnarar frå Sunmøre, Sylvi Aambø og Inger Giskeødegård frå Ålesund. – Vi er stolte over å kunne presentere to så dyktige kunstnarar, seier gallerist Anna Kjemphol.

Elles er det også opne utstillingar på Galleri Brødrene Vik i Vanylven, Galleri Frøya i Kalvåg og på Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid.