Dei legg bak seg 25.000 steg kvar med marsjering i fem tog. For familien Flyum/Bjørlo på Nordfjordeid er det ikkje 17. mai utan hektisk korpsliv.

Familien med Iver (12), Ingebjørg (15), mamma Magni og pappa Alfred har funne speleglede og samhald i korpsmusikk.

– Korps er moro, smiler Ingebjørg, som er med i tre korps.

– Det er gøy å spele både i ensemble, solostykke og spesielle orkester. Instrumentet kan ein bruke til så mykje, seier Ingebjørg, som er svært glad i trompeten sin.

Ho hadde tidleg eit sterkt ønskje om å starte i korps, og allereie som andreklassing fekk ho innpass i skulekorpset på Nordfjordeid. No spelar ho også i trompetrekkja i musikklaget saman med pappa Alfred.

– Ho avanserte fort opp på førstestemma, medan eg framleis spelar andretrompet.

Comeback

Magni og Alfred hadde lagt korpslivet på hylla, inntil dei flytta heim til Nordfjord.

Etter tjue års pause blei det korps-comeback i Eid musikklag, saman med andre som har teke opp igjen livet som musikant i godt vaksen alder.

For familien er det ingen 17. mai utan korps. Kvelden før må alt ligge klart av instrument og uniform. Sjølve nasjonaldagen startar svært tidleg. Uniforma må vere på klokka halv sju om morgonen.

– Vi kan ikkje kome for seint til reveljen med musikklaget. Det hadde blitt huskestue, fortel Alfred.

Etter å ha vekt folk i sentrumsgatene med reveljen er det fellesfrukost på hotellet saman med resten av gjengen i musikklaget, før alle gjer seg klare til barnetoget. Så blir det ei lita pause før folketoget og Tappenstreken. Men innimellom tar dei også turen til Haugen der dei bidrar med korpsmusikk i toget der.

Iver vekslar på å spele i Nordfjordeid skulekorps og å vere duskebærar for musikklaget.

Antrekket klart

– Vi har dermed fem tog på 17. mai, konstaterer dei.

Familien gjer sitt for at alle vi andre kan oppleve korps i gatene også denne nasjonaldagen. Gulrota for ein hektisk 17. mai er at ein kan ete så mykje is ein klarer.

Medan korpsuniforma sit som støypt på resten av familien heile dagen, har Ingebjørg ein hektisk klesskifte gjennom dagen. Ho bytter mellom musikklaget si blå uniform, til den raude skulekorpsuniforma, før bunaden er på plass til folketoget, som igjen vert skifta ut med den blå uniforma til Tappenstreken om kvelden.

Nettopp Tappenstreken er spesiell og eit høgdepunkt på 17. mai.

– Då må korpset vere skjerpa, for alle ser om vi går på geledd. Det er Tappenstreken som er mest moro, og vi veit at vi er med på noko som ingen andre korps gjer på 17. mai. Dette er einaste staden i Norge der korps spelar Tappenstreken, seier Magni og Alfred.